Velkommen til Heirsnosi Opp og Heirsnosi Duatlon - ein tur til tusen!


                                                         







HEIRSNOSI OPP 2011

Arne Post med ny bestetid

på duatlon. 01:01:51

for meir tider sjå resultatlister 2011

Merk nye starttider i år!

Trim/mosjon: Frå kl 09:30 - 10:30    Duatlon start kl 11:00   Timeklubben kl 11:30

ÅTIL, Jotun, Reisemål Årdal og SPAREBANKEN VEST innviterer alle til årets opptur i Årdal.

Svært mange nyttar seg av påmelding like inntil start. Me oppmodar likevel til påmelding NO for ei lettare førebuing.

Endring i trase DUATLON skjedde frå 2010, m start på torget, Øvre Årdal! Sjå Heirsnosi Duatlon.

Påmelding HER for alle klassar:



(NB! Motbakkeløp frå sentrum går ut i 2011)







Duatlon, Timeklubben ( ingen klasseindeling ) og Trim/mosjon - damer og herrer.




Ein av noregs flottaste motbakketrasear ventar deltakarane i årets motbakkeløp.







Heirsnosi Opp og Heirsnosi Duatlon er ei særs flott naturoppleving.







Eit 40- talls svingar buktar seg oppover gamle traseen til Rv.53 og til Heirsnosi, "1000- meteren"







Høgdeskilnaden er på 1010 meter mellom start og mål med stigning på 10 %.







Løypetrase duatlon (HD) - 20,6 km:
 







Start på torget, Øvre Årdal, m 14,6 km sykkling, der dei 9 fyrste km er flatt! Deretter ber det oppover langs Rv. 53 frå Årdal mot Tyin i sterk stigning. Oppe på den såkalle ”400 meteren” har ein altså tilbakelagt knappe 15 km på sykkel, før har ein løpsdistanse igjen på 6,2 km ( og 610 høgdemeter). Total lengde er 20,6 km. Vel oppe på Heirsnosi (”1000 metern”) har ei eit formidabelt skue innover Jotunheimens tak og ned mot Årdalsvatnet, som er forlenginga av Sognefjorden!







Sykkeldelen går på brei asfaltert veg, og springing mot toppen går på gammal grusveg. Heirsnosi Duatlon blir arrangert kun som individuell konkurranse med tidtaking.