Rundtur med bil
Med Årdal som base og utganspunkt er moglegheitene mange. Under vil du finne nokon av mange moglegheitar.
Les meir >
Friluftsbad og idrettsanlegg
Sidan dei vart bygde, har friluftsbada og idrettsanlegga vore viktig for bygdefolket og tilreisande. Både storfine gjester som landslag, dei beste internasjonale klubblaga i kvinnehandball, utanlandske toppspelarar i fotball, Carl Lewis og lokale trimmarar og aktive har opplevd mange trivelege idrettsaugneblinkar her.
Les meir >
Årdal Jæger og Fiskeforening
Særskild informasjon om lokale tilhøve for jakt og fiske kan ein få ved å vende seg til Årdal Jæger og Fiskeforening eller til utsalsstadene for fiskekort.
Les meir >
Sykling i Utladalen
Fossanes dal, Utladalen, som er rikt beskriven og illustrert på desse sidene, er ein flott plass for ein sykkeltur der naturen vil være i fokus. Frå Årdal og til Hjelle er det vel 5 km. Den 4,5 kilometer lange vegen frå Hjelle til Vetti gard vart til etter 5 års dugnadsinnsats, og vert med rette kalla Folkevegen. 1500 årdøler teikna seg til dugnad, og etter 50.000 dugnadstimar i ulendt terreng kunne vegen opnast i 1977. Middels krevjande tur.
Les meir >