1000 meteren

Gamle “Tyinvegen”: Riksveg 53 - Heirsnosi - Riksveg 53. Privat bilveg opp til “Tusenmeteren”, med panoramautsikt til mange av fjelltoppane i Hurrungane og Øvre Årdal. Turen tek omlag 6 timar t/r. Parkering ved informasjonsskilt, “firehundremeteren”, på riksveg 53.

Ein kan og sykle gamle ”Tyinvegen” frå Sletterust (sjå Damvoktaren, under overnatting), og få ein sykkeltur i mektig landskap. Eit minne for livet.

Les meir >

Fjordcruise

Tur med Sognefjell

Ein båttur rik på opplevingar og strandhogg på stader med historisk fjordkultur. Båten går i rute 3 gonger i veka (laurdag, tysdag og onsdag) frå 7. juni til 30. august. For tinging av tur, vennligst ta kontakt med: Sognefjorden AS, tlf. 57 66 00 55 / fax 57 66 01 35.

Les meir >

Hydro Årdal

Det var vasskrafta, verdas reinaste energiform, som gradvis endra Årdal frå eit fattig bondesamfunn til eit rikt industrisamfunn. Tyin kraftverk og seinare Fortun kraftverk la grunnlaget for og utbygginga av Årdal Verk, som formelt vart skipa den 28. januar 1947.

Les meir >

Indre Offerdal

Ofredal frå fjorden

 Anlegget “Ne`fø sjøen” er eit sjeldan kulturminne frå overgangstida mellom bondesamfunn og industrisamfunn. Dei ti husa gir eit rett bilete av bygningsmiljøet frå den tida staden var ein arbeidsplass for mange menneske og ein heim for husbonden og familien hans, tenestefolket og kårfolk.

Årdal kommune fekk dette anlegget som ei gåve hjå eigarane, Ivar og Aslaug Offerdal. Ei gåve av så stor kulturhistorisk verdi, inneber eit stort ansvar når det gjeld vedlikehald, oppattbygging, vern og formidling.

Foto: Utlånt frå Klingenberg Hotell

Les meir >

(Side 1 av 3) Neste