Skulegong i Årdal



Her finn du det du treng å vite om skulekvardagen i Årdal.

 

 

For eit par år tilbake vedtok politikarane i Årdal at me burde få nye og moderne skular å gå på, og begge skulane vart dermed pussa opp og bygd om etter alle kunstens reglar. Resultatet vart at me i alle elevar i grunnskulen i Årdal går på reine, fine moderne skular med det meste me treng av datautstyr og anna læremateriale.
I 2004 kom skulane i Årdal på nett, der også kvar klasse har si eiga heimeside.

 

Farnes skule ligg i Øvre Årdal ikkje langt frå idrettshall og friluftsbad. Barne- og mellomsteget held til i det som tidlegare var Farnes skule, medan ungdomssteget, tidlegare Øvre Årdal Ungdomsskule, ligg like ved sidan av. I 1995 vart dei to skulane omorganisert under ei felles leiing. I dag har skulen 453 elevar fordelt på ti klassesteg.

Meir om Farnes skule her.

 

Tangen skule ligg på det folk i Årdal kallar Cuba, med Tangenhallen og fotballstadion som næraste naboar.
I 2005 opna Tangen skule- og fritidspark, der ungdom i alle aldrar kan samlast og spele fotball, sandvolleyball, køyre brett og mange, mange andre ting til alle døgnets tider.

Meir om Tangen skule her.

 

Årdal vidaregåande skule har eksistert i Årdal sidan 1965, men det var først i 1981 at skulen fekk flytte inn i nytt bygg på Farnes. Skulen har rundt 200 elevar, og  tilbyr opplæring i allmenne og økonomisk-administrative fag, helse- og sosialfag og teknologiske fag.

Meir om Årdal Vidaregåande skule her.

Les Meir