| |
Velkommen til Årdal
Velkommen til Årdal
 Der Sognefjorden går på land....
Årdal ligg inst i Sognefjorden og dannar porten til Jotunheimen frå vest. Kommunen har to tettstader, Årdalstangen og Øvre Årdal, med eit folketal på til saman rundt 6000. Dei to tettstadene er omkransa av dei mindre stadane: Naddvik, Offerdal, Seimsdal, Fardal, Utladal og Vetti. Årdal er eit samfunn med kontrastar. Her finn ein eit topp moderne industrisamfunn, medan ein på den andre sida finn velstelte gardsbruk med gamle romantiske hus og naust ved fjorden, skogsdrift og fiske i elv og innsjø. Dessutan Jotunheimen sin dramatiske natur med fjelltindar, bratte fjellsider og høge fosse-fall. Årdal har eit mildt klima og lite nedbør. Med den storfelte Jotunheimen som næraste nabo, ligg tilhøva særs godt til rette for avstressande rekreasjon og friluftsliv sommar og vinter.
Ein tredjedel av Årdal kommune sitt areal er verna område: Jotunheimen nasjonalpark, Utladalen landskapsvernområde og Kvitingsmorki naturreservat. Vettisfossen vart verna i 1924. Gjennom organisasjonen Årdal Tenk Tryggleik har bygda tiltak som sikrar eigne innbuarar og tilreisande. De vil på desse sidene finne informasjon om aktivitetar, turforslag, arrangement og anna.
For meir hjelp, ta kontakt med: Årdal Arrangement AS – Reisemål Årdal aardalaa@online.no 6885 Årdalstangen Tlf. 57 66 35 62/ fax 57 66 16 53 |
|