Ne`fø sjøen
Anlegget “Ne`fø sjøen” er eit sjeldan kulturminne frå overgangstida mellom bondesamfunn og industrisamfunn. Dei ti husa gir eit rett bilete av bygningsmiljøet frå den tida staden var ein arbeidsplass for mange menneske og ein heim for husbonden og familien hans, tenestefolket og kårfolk.
Årdal kommune fekk dette anlegget som ei gåve hjå eigarane, Ivar og Aslaug Offerdal. Ei gåve av så stor kulturhistorisk verdi, inneber eit stort ansvar når det gjeld vedlikehald, oppattbygging, vern og formidling.
På anlegget finn ein mellom anna mølle og sagbruk med oppgangssag som var i drift til inn på 1900-talet. Vasskrafta vart utnytta til å driva mølla og sagbruket, og ein vil finne eit velutstyrt gamalt postkontor, sjøbu og telegrafsentral med meir. Etter avtale, byr anlegget og på ølbrygging, smedarbeid, garnfarging så vel som fjordfiske.
Når du vitjar anlegget har du også eit ansvar, og vi ber om at du er varsam når du ferdast på anlegget. Dersom ein ønskjer meir informasjon, vennligst ta kontakt med Ofredal Tenester AS, tlf 57 66 00 44.