Jotunheimen
Jotunheimen nasjonalpark

Jøtunheimen døypte Aasmund Olavsson Vinje fjella her i 1862, inspirert av det ville landskapet og norrøn mytologi. Jotnane, trolla, har heimen sin her. Jøtunheimen vart seinare til Jotunheimen, og det namnet brukar vi i dag på dette mektige området med dei høgaste fjella i Nord-Europa. Jotunheimen, på fylkesgrensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane, er eit stort sett urørt fjellområde prega av majestetiske fjell og isbrear.
Det høgaste fjellet i Noreg, Galdhøpiggen (2 469 m o.h.) ligg i parken. Glittertind er med si iskappe på toppen berre nokre meter lågare. Men dei villaste og kvassaste tindane i Jotunheimen finn vi i Hurrungane. Nasjonalparken har fleire store innsjøar, med Gjende som den største. Tilførsla av slamhaldig brevatn gjev Gjende ein smaragdgrøn farge på seinsommaren. Det djupblåe Bessvatn ligg like ved. Mellom dei to vatna går det ein merkt stig over den smale Besseggen, ein av dei mest vidgjetne attraksjonane i den norske fjellheimen. Det var her, eller langs eggen av Knutshø på den andre sida av Gjende, at Peer Gynt gjennomførte det vågale rittet ned “Gjendin-eggen” på ryggen av ein reinsbukk. Fleire vatn og vassdrag i Jotunheimen har godt aurefiske, særleg dei større sjøane. I mange av vatna og vassdraga vert det drive fiskekultivering. Jotunheimen har sidan 1850-talet vore eit av dei mest populære områda i landet for fjellvandring. Hurrungane, med Store Skaga- stølstind, er eit mekka for fjellklatrarar. Praktiske opplysningar I Jotunheimen nasjonalpark er landskapet med kulturminne og plante- og dyreliv freda. Vi må saman ta vare på denne verdfulle fjellheimen!
Du kan • ferdast fritt og telte • fiske og jakte etter gjeldande reglar • plukke bær og sopp
Det er ikkje tillate å • skade planter og uroe dyr unødig • ureine og forsøple • samle inn mineral og stein med hjelp av verkty
Velkommen til Jotunheimen nasjonalpark!
|