An error occurred processing this element:
Could not find stored procedure 'prChkNodeInheritAccess'.
Utvikling

An error occurred processing this element:
Could not find stored procedure 'prChkNodeInheritAccess'.
An error occurred processing this element:
Could not find stored procedure 'prChkNodeInheritAccess'.








 

Dagsturar


Rundtur med bil

Med Årdal som base og utganspunkt er moglegheitene mange. Under vil du finne nokon av mange moglegheitar.

”Jotunheimen rundt”

”Tindevegen” Årdal-Turtagrø gjev moglegheit for å sjå fleire av Noregs høgste fjelltoppar.  Etter å ha vore gjennom vakre Bøverdalen, kan ein vitje Norsk Fjellmuseum i Lom. Turen forset over Valdresflya , via Beitostølen til Fagernes. Deretter vestover mot Grindaheim og Tyin. Turen kan avsluttast over Tyin – Årdal med nedstigning frå 1000 til 0 moh i løpet av 15 min! ( Frå Tyin er E16 via Borgund Stavkyrkje, mot Lærdal og Årdal også ein moglegheit)

RUTE: Fjellvegen Årdal – Turtagrø  (også kalla Tindevegen) – deretter Sognefjellsvegen (Rv. 55 til) ned vakre Bøverdalen og til Lom – Over Valdresflya (Rv. 51), via Beitostølen og til Fagernes – E16 frå Fagernes til Tyinkrysset – Rv. 53 Tyin-Årdal

 

”Nordsida rundt” A og B

 

Ein tur med fjell og fjord i den nordlege delen av regionen. ”Tindevegen” Årdal-Turtagrø byr på fleire av Noregs høgste fjelltoppar, før ein gradvis nærmar seg den vakre Lustrafjorden, ein sidearm av Sognefjorden.          

A: Tek ein i Skjolden av mot Ornes, og køyrer sørsida av fjorden, kan ein vitje landets eldste stavkyrkje, Urnes Stavkyrkje, frå 1150.

Stavkyrkja er ein av fire norske på UNESCO`s liste over dei mest verdifulle kulturminne i verda. Sesong: 05.06.- 29.08. Opningstider: 10.30 - 17.30.          Pris: kr 40,-vaksne, kr 35,-/10,- born/stud.
Det går ferje mellom Solvorn og - Ornes (Urnes Stavkyrkje)
. Frå Solvorn går vegen via Hafslo og til Sogndal.

B: Ein kan også køyre ut denne vakre fjorden på nordsida, via Gaupne, deretter t/r til Informasjonssenteret  og museumet for Jostedalensbreen Nasjonalpark. Deretter til Hafslo og Sogndal.

A og B: Deretter kryssar ein Sognefjorden på fergjesambandet Manhiller-Fodnes og returnerar til Årdal, der ”Sognefjorden går på land”.

 

RUTE A (Urnes stavkyrkje): Fjellvegen Årdal-Turtagrø (”Tindevegen”) – ned Sognefjellsvegen (Rv. 55) til Skjolden – så Fv 331 til Ornes – ferje Ornes-Solvorn – så Rv. 55 til Sogndal – E 5 over ferjesambandet Mannheller – Fodnes – så Rv. 53 til Årdal.

 

RUTE B (Jostedalsbreen)): Fjellvegen Årdal-Turtagrø (”Tindevegen”) – ned Sognefjellsvegen (Rv. 55), til  Gaupne – t/r Fv. 604 – Rv. 55 Gaupne vi Hafslo til Sogndal – E 5 over ferjesambandet Mannheller-Fodnes – så Rv. 53 til Årdal.

 

 

 

”Sørsida rundt” – Tur med fjell og fjord i den sørlege delen. I Lærdal kan ein vitje Villakssenteret, før ferda går utover Lærdalsfjorden og så over ”snøvegen”. I nedstigninga mot Aurlandsfjorden, får ein kanskje det flottaste oversiktsperspektivet -  nokon stad frå bilveg,  over Sognefjorden. I Flåm kan ein sjå på cruisetrafikk og me anbefalar ein tur med Flåmsbana frå Flåm til Myrdal.  På veg tilbake, går turen igjennom verdas lengste biltunel  (24.5km), som i tillegg har  ein svært spesiell lyssetting.

 

RUTE:  Rv 53 mot Fodnes – så E16 mot Lærdal – vidare ut fjorden få kilometer til Erdal – så til ventre over Snøvegen – E16 til Flåm – retur E16 via Lærdalstunnelen og E 5 til Lærdal og Fodnes –  så Rv. 53 inn til Årdal, der Sognefjorden går på land.

 

 

 

Friluftsbad og idrettsanlegg


Sidan dei vart bygde, har friluftsbada og idrettsanlegga vore viktig for bygdefolket og tilreisande. Sjå bildearkiv. Både storfine gjester som landslag, dei beste internasjonale klubblaga i kvinnehandball, utanlandske toppspelarar i fotball, Carl Lewis og lokale trimmarar og aktive har opplevd mange trivelege idrettsaugneblinkar her. Og når sant skal seiast, er vel vestibylen i Årdalshallen og friluftsbada våre dei mest populære møtestadene i bygda vår. Ein kan og nemna at årdølene har vore arrangør både for NM i friidrett og symjing, samt internasjonale stemner i t.d. handball, friidrett og sykling.

Årdal kommune har to friluftsbad. I Øvre Årdal er anlegget nyleg rehabilitert, og her finn ein eit 50 m - basseng, samt to mindre basseng for born. Det er og to kjempefine vass-sklier, samt garderobeanlegg. Vatnet kjem frå Hydro og er oppvarma til omlag 25 grader. Rundt bassenga er det eit nydeleg grøntareal, og alt ligg i tilknyting til folkeparken og idrettsanlegga.
På Årdalstangen er det og oppvarma vatn, og anlegget her inneheld eit 25 m - basseng m/stupetårn, samt to mindre basseng for born. Det er og eit fint grøntareal ved dette friluftsbadet, samt eit garderobeanlegg.

Om vinteren kan ein bade i Årdalshallen, der me har eit 25 m - basseng, med eit flott stupeanlegg.

Elles kan Årdal by på to grasbaner og ei oppvarma kunstgrasbane for fotball, to idrettshallar, to skisenter, skytebaner, ridehall og ridebane.

 

 

Jakt og fiske


Generelt

Særskild informasjon om lokale tilhøve for jakt og fiske kan ein få ved å vende seg til Årdal Jæger og Fiskeforening eller til utsalsstadene for fiskekort. Generelt sett kan ein merke seg følgjande:

Kvar kan ein fiske?
På fjellet kan ein fiske i alle vatn og elvar som Årdal JFF leiger, d.v.s. elvar og vatn i områda kring Fardalsfjella, Sletterustfjella, Austre Statsallmenning, Berdalsvassdraget, Moadalen, Tyavassdraget frå demningen på Tyin til Torholmen og vidare ned til Øvre Årdal.
I Årdalsvassdraget kan ein fiske i Utla, Årdalsvatnet og Hæreidselvi.
I Hæreidselvi kan ein fiske på begge sider, og dette kan ein og gjere i Utla fram til Høljafoss.
Unntaket frå desse avgjerdene er fiske på privat eigedom. Sjå grensemerking, oppslag og kartskisser eller snakk med kjentfolk.

Fisketider
I fjellet kan ein fiske heile året.
I Årdalsvassdraget kan ein fiske frå 1. juli til 15. september ovanfor Svalheim bru. Nedanfor brua kan ein fiske fram t.o.m. 30. september.
I Torholmen på Sletterust kan ein fiske frå 15. juni t.o.m. 15. august.

Reiskap som kan nyttast
I fjellvatna generelt kan ein kun nytte oter og stong.
Generelt er garnfiske knytta til leige av hytte.Max 4 stk. garn er tilate pr. hytte og vatn.
Garnfiske er tillate når Årdal JFF informerer om dette.

Utsalgstader for fiskekort
Jakt og Fiskekort kan ein få kjøpt på følgjande stader:
Vee Kiosken -Øvre Årdal Tlf. 57 66 33 40
S. Berge Maskin, Statoil - Årdalstangen Tlf. 57 66 10 04
Hydro Texaco - Årdalstangen, døgnkort, Tlf. 57 66 28 78 
Sportshuset AS - Øvre Årdal Tlf. 57 66 30 33
Årdal Reiselivslag - Årdalstangen Tlf. 57 66 30 10
Lærdal Turistkontor - Lærdal Tlf. 57 66 65 09
Årdal Turistinformasjon - Øvre Årdal Tlf. 57 66 35 62
Vang Filefjell Kjøpesenter - Tyinkrysset Tlf. 61 36 77 17
Tyinkrysset Fjellstue - Tyinkrysset Tlf. 61 36 78 00

Jakt og fiskehytter i fjellet

I området ved Sletterust finn ein hytter ved Sletterustvatn, Vasspollane, Skogsvatn, Buvatn, Mannsbergvatna, Krekjavatna, Kyrkjevatn, Kvannetjern og Trollsjøen.

I Fardalen finn ein hytte ved Gruvevatn.
Hyttene kan ein leige ved å vende seg til portvakta ved Hydro Aluminium,  Årdal Metallverk.

Storviltjakt

Private grunneigarar i Årdal har jaktrettar på hjort, rein og elg.

Årdal Jeger og Fiskeforening
Årdal JFF er ei foreining som er tilslutta Norges JFF. Foreininga blei stifta i 1947 og organiserer i dag
omlag 5-600 jegerar og fiskarar. Ei av hovudoppgåvene er å tilretteleggje moglegheitene for rimeleg jakt og fiske innan Årdal kommune, og foreininga jobbar aktivt for å ivareta natur og miljø. Årdal JFF er såleis aktivt med som deltakar i Miljø-kommisjonen i Årdal. Ansvaret omfattar nærområda til elvar og vatn i kommunen.

Årdal JFF forvaltar over 200 000 da. småviltterreng, over 40 fjellvatn, store deler av Utla og Hæreidselvi, samt Årdalsvatnet.
Foreininga eig og driv Utla klekkeri og Settefiskanlegg, og  har 11 jakt - og fiskebuer i Tyin / Sletterustområdet.

Årdal JFF har eigen leirduebane, og driv opplæring og kurs innan jakt og fiske. Lagshuset deira er Utlastova på Hjelle, der finn ein møtelokale, kontor, samt sanitæranlegg m/dusj.

 

 

 

Sykling


Sykling i Utladalen

Fossanes dal, Utladalen, som er rikt beskriven og illustrert på desse sidene, er ein flott plass for ein sykkeltur der naturen vil være i fokus. Frå Årdal og til Hjelle er det vel 5 km. Den 4,5 kilometer lange vegen frå Hjelle til Vetti gard vart til etter 5 års dugnadsinnsats, og vert med rette kalla Folkevegen. 1500 årdøler teikna seg til dugnad, og etter 50.000 dugnadstimar i ulendt terreng kunne vegen opnast i 1977. Middels krevjande tur.

Gamlevegen til 1000 meteren

Sykkeltur ut flotte og luftige gamle Rv. 53 til utsiktpunktet 1000 meteren (ca 12 km). Ein heilt spesiell oppleving der ein ser ”taket” på Jotunheimen. Sjå elles bildearkiv. Middels krevjande tur.

Sykkelutleige på Damvoktaren (sjå under Overnatting).

 

 

Turforslag


Sjå og www.ardalturlag.no

Familieturar, lette turar

Utladalen:

Hjelle-Avdalen-Hjelle. Gå Folkevegen mot Vetti og ta av til venstre like etter Avdalsbrua. I Avdalen er det enkel servering sommarstid og høve til overnatting. Sjå anna informasjon om Avdalen. Turen tek omlag 2 timar t/r.
Folkevegen Hjelle-Vetti-Hjelle.
Enkel servering sommarstid.
Frå Vetti kan ein ta turen vidare inn til Europas høgaste fossefall, Vettisfossen. Vegen/stigen går i vill og vakker natur, og ein kan oppleve 4 fossefall på turen. Turen tek omlag 3 timar t/r.
4 timar dersom ein tek turen til Vettisfossen.
Hjelle-Ramsøyni-Bru ved Dalenfeltet-Hjelle. Gå over bru ved Skår og ta av til venstre ved hytte og ned trapp til elva Utla. Turen tek omlag 3 timar t/r. Ein kan nytte parkeringsplassen ved Hjellefossen til alle desse turane.

Offerdalen:

Åsete-Bordhaug-Nystølen-Åsete. God stig i variert terreng.
Turen tek omlag 3 timar t/r.
Parkering i fyrste u-sving etter Ofredalstunnelen.

Holsbru:

Holsbru-Kvannetjønni-Holsbru. Stigen byrjar på baksida av brøytestasjonen, og turen tek omlag 1,5 time t/r.
Parkering ved brøytestasjonen.

Øvre Årdal:

Gamle “Tyinvegen”: Riksveg 53 - Heirsnosi - Riksveg 53. Privat bilveg opp til “Tusenmeteren”, med panoramautsikt til mange av fjelltoppane i Hurrungane og Øvre Årdal. Turen tek omlag 6 timar t/r. Parkering ved informasjonsskilt, “firehundremeteren”, riksveg 53.

Øvstetun gard - Blåberggruvene - Øvstetun gard. Gå vegen frå Øvstetun gard mot Turtagrø og ta av ved brua i 4. svingen. Følg god stig opp til Blåberggruva. Turen tek omlag 3 timar t/r. Parkering ved kyrkje-garden, omlag 200 m frå Øvstetun gard.

Årdalstangen:

Langs Årdalsvatnet til Loi. Turen kan gå vidare fram til den første, gamle tunnelen, og den tek omlag 1,5 time t/r. Parkering ved tilfluktsrom eller i enden av Årdalsvatnet ved brua.

Turar som krev litt trening

Moadalen:

Moa - Holsbru. Stig som vart mykje nytta fram til Moadal-vegen kom. Turen tek omlag 3 timar ein veg. Som alternativ, kan ein ta av ca. 15 min. frå Moa-Fugleåsen-Åsen-Fugleåsen-Moa. Parkering yttarst på “Moabresten” ved gammal sag. Ein kan eventuelt ta buss opp til Holsbru og gå ned til Moa.

Seimsdalen:

Horgi rundt; Feningdalen-Feninga-Hovden-Sjursete-Strupene. Rundturen tek omlag 3 timar. Strupene-Skor-Skard-Byttegjuvet-Skor-Strupene. Turen tek omlag 4 timar t/r. Fine turstigar i variert terreng med panoramautsikt mot Jotunheimen. Parkering ved snuplass der vegen endar (privat veg).

Eldegarden:

Riksveg 53 ved Brennborg-Eldegard-Løst-riksveg 53 ved Steigene. Fin tursti med utsikt mot freda furutre under kraftlinje mellom Eldegard/Vardenosi. Turen tek omlag 3 timar. Ein kan og gå slik: Eldegard - Onsete - Liastølane - Freda furetre - Kvernli, eller gå frå Løst mot Melseter. Parkering ved riksveg 53 ved Brennborg, mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.

Sletterust:

Sletterust-Mannsbergvatnet-Kyrkjevatnet-Skredshaugdokki-Hjelledalen-Hjelle. Turen tek omlag 6 timar. Ein kan og ta av når ein kjem til fremre Hjelledalen og gå slik: Øytjørn-Morkaskaret-Vettismorki-Vetti-Hjelle (8 timar). Den beste transportløysing vil vere å ta buss til Sletterust og nytte evt. bil frå Hjelle.

Årdalstangen:

Kolnostunnelen-Nosabøen-Kolnostunnelen. Turen tek omlag 3 timar ein veg. Ein kan og gå slik: Nosabøen-Øyestølen-Årdalsnosi-Årøydalen-Årøyni. Parkering ved Kolnostunnelen.

Krevjande turar

Utladalen:

Hjelle-Vetti-Brendeteigen-Stølsmaradalen-Avdalen-Hjelle. Turen tek omlag 8 timar t/r. Hjelle-Vetti-Vettisfossen-Vettismorki-Hjelledalen-Hjelle. Turen tek omlag 6 timar. Ein kan og gå frå Vettismorki slik: Fleskedalen-Friken-Skogadalsbøen. Parkering ved Hjellefossen.

Vikadalen:

Kvitingsagi-Kvittingsmorki-Storevatnet-Kraftstasjon-Vikadalen. Turen tek omlag 8 timar. Ein kan og gå slik frå Storevatnet: Smørhola-Liastølan (Bjødnabykset)-Kammen-Drognekleivholten-Naddvik. Parkering ved privat hytte ved riksveg 53 (Vikadalen-Fodnes), omlag midt mellom tunnelane.

Fardalen:

Skihytta-Åsete-Åsetevatn-Gravdalen-Avdalen-Hjelle. Merk at brua over elva er ved sel i Gravdalen. Turen tek omlag 6 timar, og ein kan parkere ved Skihytta, omlag 1 km frå Åresete.
Holseter gard-Li-Osestølen-Hyttefjellet-Hytta-Skihytta-Holseter. Turen tek omlag 6 timar. Ein kan og gå slik frå Osestølen:
Ormsete-Voss-Feninga-Seimsdalen. Parkering ved Holseter gard. Haug gard-Botnanosi-Bergastølen-Tronteigen. Turen tek omlag 5 timar.

Seimsdalen:

Kletta-Storevarden-Slettedalen-Nystølen-Bordhaug-Åsete. Turen tek omlag 5 timar. Parkering ved snuplass der vegen endar (privat veg). Evt. biltransport frå Åsete i Offerdalen.
Strupene-Skor-Skard-Lindvikdalen-Lindviki-Årdalstangen.
Turen tek omlag 6 timar. Parkering ved snuplass der vegen endar (privat veg).

Turtagrø:

Turtagrø-Tindeklubbhytta-Skagastølsbu-Midtmaradalen-Snørestøet-Stølsmaradalen-Brendeteigen-Vetti-Hjelle. Turen tek omlag 11 timar og vert tilrådd med kjentmann. Beste transportløysing: Buss til Turtagrø og evt. bil frå Hjelle.

Anna informasjon om krevjande turar, fjellføring og kurs kan ein få ved å vende seg til Vest-Jotunheimen Fjellføring ANS, Ålmenhagen 14, 6884 Øvre Årdal (tlf. 94 57 84 94).

Årdal Turlag

Årdal Turlag (ÅT) vart stifta i 1973 og er eit lag som fyrst og fremst har sitt virke innan Årdal kommune. ÅT er medlem av Den Norske Turistforening. Laget har omlag 300 medlemmar.

ÅT arrangerer turar i nærområda, årleg mellom 15 og 20 fellesturar. I tillegg organiserer ÅT trimpostar i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Desse har vorte svært populære og gjer at mange tek turen ut i den fine naturen.

ÅT legg vekt på å rydde og merke stigar i nærområda, slik at ein held desse i hevd og gjer at dei kan nyttast i framtida. ÅT tek og del i restaureringsarbeid. Både i Gravdalen og i Hjelledalen er det utførd restaureringsarbeid, slik at viktig bygningsmasse vert teken vare på.
Det viktigaste restaureringsarbeidet er utførd på Avdalen gard. Denne er no istandsett slik den var i den tida det var gardsdrift her. Garden er open for servering og overnatting i sommarsesongen. I tillegg  har ÅT ansvar for ein del klopper i nedre Utladalen.

ÅT har fleire undergrupper:
Fjellsportgruppa har mellom anna innandørsklatring i Årdalshallen på programmet, samt spennande aktivitetar i eit klatrefelt på Ytre Moa.
Mosjonsskulen er eit tilbod til dei som ynskjer eit treningsopplegg om vinteren.
Familiegruppa arrangerer turar og tilstellingar slik at heile familien kan komme ut på tur.

ÅT tok og del i registreringsarbeidet som førde til opprettinga av Utladalen landskapsvernområde.