Utladalen

Utladalen landskapsvernområde – Avdalen – Vetti
Utladalen landskapsvernområde vart oppretta ved Kongeleg resolusjon 5. desember 1980. Det verna området er på 314 km2 og omfattar eit område i Utladalen med sidedalar og fjellområde aust og søraust for Utladalen i Årdal og Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke. Landskapsvernområdet omfattar statsallmenning i dei høgareliggjande områda på austsida og privat grunn i dalområda.
Landskapsvernområdet utgjer store delar av Vest-Jotunheimen, og landskapet er prega av hovuddalføret Utladalen med sitt tronge gjel med V-forma snitt og ei rekkje med U-forma hengjedalar som alle munnar ut mot hovuddalen høgt oppe i liene. Desse trauforma sidedalane er gravne ut av brearmar som seig ned mot hovuddalføret.
Elva Utla har sitt utspring i breane inne ved grensene mot Lom. Nedover dalen tek Utla imot fossefall frå hengjedalane på vest- og austsida der ho pressar seg ned Vettisgjeli mot Årdal. På kvar side av dette fossegjelet stig bratte fjellsider over 1000 meter til vers. På austsida av Utladalen stig landskapet opp mot dei høgste tindane innafor landskapsvernområdet; Stølsnostind (2074 m o.h.) og Falketind (2067 m o.h.)
Praktiske opplysningar
Overnatting og merkte stigar: Det er fleire turisthytter i landskapsvernområdet. Mange av desse er gamle stølar eller gardar som er restaurerte. Årdal Turlag driv hyttene i Avdalen og Gravdalen. Vetti gard og turiststasjon tek imot gjester nede på garden om sommaren og driv sjølvbetjeningshytta Ingjerdbu oppe på Vettismorki. I Stølsmaradalen og på Skogadalsbøen (sjølvbetjent utanom sesongen) driv Den Norske Turistforening turisthytte. Vormeli er ei privat hytte som er open for overnatting. Alle ubetjente og sjølvbetjente hytter er låste med DNT sin universalnøkkel. Det går eit nett av merkte stigar mellom hyttene innan landskapsvernområdet og til hytter i nasjonalparken. Velkommen til Utladalen landskapsvernområde!
Avdalen gard
Avdalen gard ligg fint til i fjellsida over vakre Avdalsfossen i Utladalen. Garden vart rydda på 1500-talet. I 1962 vart garden fråflytt, men er no restaurert og satt i stand til bruk for servering, overnatting, møte og samlingar. Sesong frå 22 juni til 6. september. Kvernhuset er i drift med maling av korn. Det er omlag 20 sengeplassar på garden. Årleg arena for det svært spesielle ”Avdalsblues” arrangementet. Tlf. 94 57 08 29.
Vetti
Dei fyrste sikre kjelder om Vetti Gard skriv seg frå 1120. Eit gardsbruk midt i Jotunheimen omringa av Utladalen sin dramatiske natur. Ein svært god turveg, Folkevegen, fører frå Hjelle fram til Vetti, og ein kan gå vidare på sti fram til Vettisfossen. Har vore gard og turiststasjon fram til 2001. No turistinformasjon og kafé m. sesong frå 22 juni til 1.september. I 1714 kom den fyrste av den noverande Vetti slekta dit, og hans soneson blei sjølveigar i 1775. Vetti har sidan tilhøyrt noverande eigars familie.
Vetti fekk på 1800-talet to husmannsplassar, Lauvhaug og Flaten, som gjerne vart driven av yngre bror av odelsbonden. Til saman utgjer Vetti og plassane ei grend som femner om eit areal på omlag 140 da.
|